Khrono
28.05.2017
Meninger Distriktene. Viserektor i Tromsø, Sveinung Eikeland, seier at forskarane som er sentrale i konferansen distrikta og fusjonane som vert halde måndag 29. mai er for pessismistiske og legg fram fem erfaringar for å underbygga dette.
Oddgeir Osland, Håvard Helland (begge Høgskolen i Oslo og Akershus) og Kåre Heggen (Høgskolen i Volda) reiser i Khrono 26. mai ein viktig debatt om tidlegare høgskolecampus i dei nye høgskole - og universitetsinstitusjonane. Det er lite erfaringar så langt på dette feltet, men forfattarane er likevel pessimistiske. Dei ser for seg sentralisering innanfor den nye sektoren, om ikkje direkte forårsaka av viljen i dei store institusjonane, så i alle fall av ein pressastatsøkonomi.
Les merDet kan sjølvsagt bli slik, men temaet har langt fleire dimensjonar. Hovudinntrykket er at forfattarane tek det utgangspunktet at staten gjennom direkte styring av høgskolane har halde ein akademisk kannibalisme i sjakk, men at distrikta i sektoren etter fusjonane framover blir servert som hovudrett. Eg trur ikkje det er slik, det er også ein for pessimistisk visjon på vegne av desentralisering og de facto regionalisering av beslutningar. Det finst også døme frå Danmark og Sverige på at det ikkje er så enkle svar på statlegeinnstrammingar.