Foto: NASA/IRIS
Det er i ein vitskapleg artikkel som nyleg blei publisert i det prestisjetunge tidsskriftet Science dei seks solforskarane frå Institutt for teoretisk astrofysikk ved UiO fortel om funna dei gjorde då dei ville finna svaret på korleis dei ti millionar fingane av gass på sola er blitt til.
- Fjør i hatten
Professor og medforfattar Mats Carlsson er svært stolt over det han og dei andre fem forskarane har fått til.
- Det er ei fjør i hatten for fagmiljøet vårt, for Science tar berre inn vitskaplege artiklar som har interesse utanfor ein mindre krins innanfor faget, fortel han.
VEKTE OPPSIKT: Astronomiprofessor og medforfattar Mats Carlsson er svært nøgd med at han og dei andre fem frå ei forskargruppe ved Institutt for teoretisk astrofysikk har fått publisert ein artikkel med banebrytande funn om gassfingrane til sola i vitskapstidsskriftet Science. Nyleg skreiv New York Times om funnet deira. (Arkivfoto: Ola Sæther)
I ei pressemelding som instituttet har sendt ut saman med den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA, skildrar dei fingrane på sola på denne måten. Så mange som 10 millionar ulike jetstraumar av gass frå sola riv seg laus fra sola si overflate kvar ei