Første steg
08.03.2024
At standardiserte program som DUÅ har fått fotfeste i nokre barnehagar, er urovekkande. Stolar me meir på program enn på barnehagelærarane sin unike kunnskap om barns utvikling?
I mi rolle som utviklings- og samarbeidspartnar frå UH-sektoren, i samband med ulike tilskotsordningar, mellom anna regional kompetanseutvikling (ReKomp) i barnehagar, opplever eg å vere del av mykje spennande kompetanseutvikling. I samband med dette arbeidet kjem det fram at nokre barnehagar sine kompetansetiltak og kommunale satsingar for pedagogisk praksis baserer seg på ulike program. Andre barnehagar tek tydeleg avstand frå bruk av program. Program utvikla som spesialpedagogiske verktøy i arbeid mynta på barn med store og omfattande utfordringar når det gjeld åtferd, vert nytta som allmennpedagogisk verkemiddel og verktøy for personalet. Programma vert nytta som grunnlag for kvardagspraksis og premissleverandørar for kvalitet og god handlingspraksis i nokre barnehagar. Eit av programma som skil seg ut i denne samanhengen, er «De Utrolige Årene».
BEHOV FOR «DE UTROLIGE ÅRENE»?
«De Utrolige Årene» (DUÅ) er eit amerikansk program som er utvikla med eit anna føremål
Gå til medietBEHOV FOR «DE UTROLIGE ÅRENE»?
«De Utrolige Årene» (DUÅ) er eit amerikansk program som er utvikla med eit anna føremål