Etter at Jonas Gahr Støre held tale for Fagforbundet sitt landsmøte, gjekk Pål Andreas Christiansen opp på talarstolen. Han tok opp dyrare mat, straum og høgare rente og sa med eit nikk mot statsministeren at no skulle det vere vanlege folk sin tur.
Christiansen er hovudtillitsvalt, nestleiar i Fagforbundet Fredrikstad og miljøarbeidar.
- Kva legg du i at det skulle bli vanlege folks tur?
- Vi har nok forventa meir når det kjem til mindre skatt og at dei rører ved dagpengar. Det er bra at det kjem skattenedgang for dei som har normale inntekter. Men mange har forventa meir. Det kjem endringar, og eg trur ikkje budsjettet slik det ser ut no.
Medlemmer med dårleg råd melder seg ut
- Du nemnde auka fattigdom, kva er det du ser?
-