AddToAny

Dei vil motivera barna for realfag heilt frå grunnskulen

Den einaste måten å få unge til å velja realfag på er å skapa engasjement og motivasjon hos dei lenge før dei begynner på den vidaregåande skulen.
Det var både NTNU- og UiO-rektorane og eit politikar- og NHO-panel einige om i ein debatt om realfagskrisa i går.

På måndag kom tala sin klare tale frå Samordna opptak: Dei unge skyggjer vekk frå tradisjonelle realfag og i endå større grad frå lektorutdanninga i realfag.

Dagen etter var krisa temaet for ein debatt i Domus Bibliotheca på Universitetet i Oslo. To av dei tre som først skreiv om realfagskrisa og det grøne skiftet i eit innlegg i Khrono, UiO-rektor Svein Stølen og NTNU-rektor Anne Borg heldt først kvar sine korte innleiingar.

- Me må gjera noko no, det er berre å sjå på søkjartala. Det var derfor UiO, NTNU og NHO saman kom med eit varsko etter at me hadde blitt oppfordra til det av Mat.nat.-dekan Solveig Kristensen og Jona Bakken, fagleg leiar for Lektorprogrammet på UiO.

SKREIV FELLES KRONIKK: NTNU-rektor Anne Borg og UiO-rektor Svein Stølen skreiv saman med NHO-direktør Ole Erik Almlid ein kronikk om konsekvensane av realfagskrisa for det grøne skiftet. I går møttest dei i Domus Bibliotheca. (Foto: Martin Toft)

- Me og samfunnet er avhengige av at fleire unge tar realfag

Og Anne Borg som er rektor for eit universitet som tilbyr utdanning for dei som vil bli lærarar både i grunnskulen og i den vidaregåande skulen, trudde ikkje det er mangel på interesse for realfag blant barn flest.

- Det har i høgste grad vore stor interesse for naturfag hos dei unge, før dei kjem til ungdomsskulen, peika ho på.

- Me og samfunnet er avhengige av at fleire unge tar realfag. Ein kombinasjon av naturfag og matematikk kan vera vegen å gå, trudde ho etter å ha hatt samtalar med NHO-direktør for kompetanse og innovasjon, Rebekka Borsch og Kunnskapsdepartementet om dette.

Realfagskrise nemnt første gong for 22 år sidan

Jonas Bakken, fagleg leiar for Lektorprogrammet på UiO, gav ei kort historisk innføring i realfagskrisa.

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt