- Dette er ein stor dag
Sidan det er lenge sidan grunnarbeidet på bygget blei ferdig, blei grunnsteinen lagt i ei korg av dei to statsrådane Borten Moe og Kjerkol før den blei frakta vidare inn på tomta av ein av dei sju byggjekranane.
Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe har store forventingar til det som kan skje av nye forskingsfunn i bygget når forskarane tar det i bruk.
- Dette er ein stor dag, og det er tilfredsstillande å sjå at bygget no reelt fysisk begynner å få sitt uttrykk. Det har jo tidvis vore eit svært stort hol og mange uavklarte spørsmål, men no ser me at det begynner å reisa seg her me står. Og det er bra, seier Ola Borten Moe, rett etter at han og Ingvild Kjerkhol har sendt grunnsteinen vidare med ein kran og ned til byggjeplassen.
PÅ VEG TIL KVILESTADEN: I ei korg fører kranen midt på biletet grunnsteinen ned til den siste kvilestaden inne i Livsvitskapsbygget. (Foto: Martin Toft)
- Du synest det er ei god investering?
- Det er ei god investering. Og så er det avhengig av to variablar som eg ikkje heilt kjenner fasiten på. Den eine er om dei no klarer å halda seg til dei rammene som er sett. Det er uhyre viktig. Og de