journalist, På Høyden
- Er det ingen prosjekt som går åt skogen, har ein heller ikkje tatt tilstrekkeleg risiko. SFF skal ikkje vere plankekøyring.
Det seier Eivind Hiis Hauge. Som mangeårig professor i teoretisk fysikk og tidlegare rektor ved NTNU kan han kjenne igjen god forsking når han ser den.
Dette er også bakgrunnen for at han sidan 2009 har vore medlem av styret til Danmarks Grundforskningsfond.
Med styrevervet har han fått medansvaret for at dei 400 millionar danske kronene som årleg blir fordelt på om lag 40 senter blir brukt på best mogleg vis.
Alene de bedste forskere med de bedste og mest ambitiøse ideer kan opnå en centerbevilling, står det på nettsidene til Danske Grundforskingsfond.
- Erfaringane frå Danmark viser at om lag sju av ti SFF-senter held fram som eit senter eller eining når SFF-perioden går ut. Det er eit tal vi er godt nøgde med, seier Eivind Hiis Hauge.
- Vi, aleine, har ansvaret
Innsikta i det danske systemet har gjort han sikker i si sak: Samanlikna med den norske SFF-ordninga er den danske ordninga meir fleksibel, meir fokusert. Meir eigna til å løfte fram miljø som kan flytte forskingsfronten.
- Modellen med eit ansvarleg styre er i seg sjølv kvalitetsdrivande: Vi, aleine, har ansvaret. Gjer vi feil, kan vi ikkje skulde på nokon. Men vi kan lære av feila, slik at vi gjer klokare val neste gong.
Styremedlemmane er tungt involverte i arbeidet med å velje ut nye senter. Når søknadsfristen er over, les styremedlemmane ein kortversjon av søknadane. Etterpå gir dei tommelen opp til søknader dei har tru på og som går til finalerunden. Eit grunngjeve avslag blir sendt til dei andre.
Den danske ordninga gjer at aspirerande senterleiarar tidleg må vise at dei kan kommunisere med den opplyste ålmenta, samt føre ein god og forståeleg argumentasjon for at dei skal få senterstatus, meiner Eivind Hiis Hauge.
Store forskjellar mellom Danmark og Norge
I søknadsprosessen skil det danske systemet seg tydeleg frå det norske.
Forskingsrådet, som forvaltar SFF-ordninga i Norge, brukar internasjonale fagfellepanel både i første og andre runde av søknadsprosessen. Forsvararar av den norske ordninga har argumentert med at å det er risikabelt å overlate silinga til andre enn fagfeller: At eit styremedlem med bakgrunn frå til dømes medisin har ein skyhøg H-index, gjer ikkje vedkomande nødvendigvis rusta til å vurdere ein søknad innan astrofysikk eller klimadynamikk.
Det einaste kriteriet er kvalitet. Dei som får tommelen opp, blir inviterte til å sende inn ein større søknad. Denne søknaden blir vurdert av tre internasjonale sakkunnige.
Eivind Hiis Hauge har etterkvart lest mange søknader. Han er ikkje redd for at eksepsjonelt gode søknader skal få avslag, grunna mangland