forskning.no
12.12.2019
Verda er stadig på veg til å gå under! I alle fall er det mykje som tyder på at naturens mangfald ikkje har det heilt trygt saman med oss menneske. Men det finst suksesshistorier der ute også. I Norge har vi til dømes ei heilt vill ei.
Frå å vera nesten utrydda på starten av 1900-talet, har bestandane av hjortedyr (hjort, elg, rådyr og rein) i det ganske land gjennomgått ein oppvakning av dei store. Statistisk sentralbyrå legg kvart år ut jaktstatistikk som viser historia i figurform. Pila peiker rett i taket for alle bestandar. Det siste hundreåret har jaktuttaket av hjort auka med 161-gongen (!) til over 40 000. I «gamle dagar» var det knapt ein hjort å sjå utanfor isolerte stader på Vestlandet. No er hjorten skogens konge, og riket hans strekkjer seg over nesten heile Noreg.
Les merKven er eigentleg problemet?
I nyheitene er det oftast problema med dei ville dyra våre som blir framheva. Ser vi vekk frå alt stoff om ulv og bjørn, sit vi framleis igjen med mykje negativ omtale av hjort, elg og rådyr. Dei et opp hagebuskar, bonden si eng, plantasjeskog eller, bokstavel