Bondebladet
28.02.2020
Snart er det tid for årsmøte og val. Anders Hopland vil ikkje vite om kandidatane er gifte og har barn - han vil vite kva dei meiner.
Mjølkebonde Anders Hopland i Fjaler intervjues av Bondebladets Linda Sunde.
Les merKvart år, på forsommaren, er det årsmøte i landbruksorganisasjonane. Nokre styremedlemmar går ut av styret, andre kjem inn.
Men mjølkebonde Anders Hopland frå Fjaler syns han veit for lite om dei potensielle nye styrekandidatane, til å ta informerte val om dette er menneske han vil skal styre bedriftene sine.
- I dag veit vi ingenting. Eller jo, vi veit sjølvsagt om dei er gifte, kor mange ungar dei har, og kva dei har i kvote. Men vi veit ikkje kva dei står for, kva dei vil jobbe for i organisasjonen, poengterer han.
Som politiske parti
Det ønsker han seg endring på:
- Når det er fleire kandidatar ein skal velje mellom, eller