Rachlew har gjort eit stort arbeid med å endra avhøyrsmetodikk for politietaten. No bør juristane følgja etter, meiner han, og etterlyste i Khrono forsking på bevisvurdering. Når dette er på plass, kan det òg skje noko med jussutdanninga, sa Rachlew. Han viste til at det i dag finst nokre valfag i rettspsykologi og bevisvurdering.
- Dersom det vert etterlate eit inntrykk av at det har vore ei reform hos politiet medan jussfeltet har stått stille, så stemmer ikkje det. Påtalemakta har ikkje vore uberørt av dei aktuelle sakene der det har gått gale, seier Eivind Kolflaath.
Han er professor i filosofi, og tilsett ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen (UiB). Dei sakene han snakkar om, er mellom anna Fritz Moen-saka og to av sakene som har vore mykje omtalt i meir enn tjue år: Baneheia-saka og Tengs-saka. Begge desse er aktuelle denne hausten; Viggo Kristiansen skal få opp saka si på nytt, og ein person er sikta i Tengs-saka.
- Både vurdering av bevis og vitnepsykologi har eit heilt anna fokus no, òg hos juristar.
Tidlegare statsadvokat: Mange gode avhøyr
Kolflaath føreles jamleg på kurs for nytilsette politiad