Khrono
29.10.2020
Tilsette ved Universitetet i Bergen vil truleg reisa mindre framover, meiner universitetsstyret. Styret ønskjer difor å bruka meir pengar på bygg.
I 2018 hadde Dag Rune Olsen, rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), eit klimaavtrykk som var fire gongar større enn gjennomsnittsnordmannen. Også i 2019 reiste Olsen ein god del, men i år har det - naturleg nok - vorte langt færre reiser.
Les merSlik trur universitetsstyret ved UiB det vert det neste året òg.
- Kanskje kjem me aldri attende til gamalt nivå, sa Olsen i universitetsstyremøtet denne veka, og humra noko om sine eigne reiser.
Ville redusera med 70 millionar
Om lag 130 millionar kroner er det lagt opp til at UiB skal bruka til reiser i 2021, sjølv om reisekostnader ik