AddToAny

Vikingtidsmuseet får mesteparten av pengane Universitetsstyret disponerer

63,6 millionar kroner vil gå frå UiOs 2022-budsjett til utgifter knytte til bygging av nytt vikingtidsmuseum. Det blir den desidert største prioriteringa for UiO neste år.
I morgon skal Universitetsstyret handsama budsjettet for 2022. Som vanleg blir det eit stipulert budsjett, det vil seia at dei handsamar budsjettet med utgangspunkt i slik budsjettet er i 2021, og så legg dei til pris- og lønnsauke.

6,2 milliardar i løyving frå KD

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen har saman med medarbeidarane sine rekna ut at UiO kan venta å få ei løyving frå Kunnskapsdepartementet på 6,2 milliardar kroner. Dette utgjer rundt 70 prosent av dei samla inntektene til UiO. I tillegg kjem eksternt finansiert bidragsforsking frå Forskingsrådet og EU på rundt 20 prosent og inntekter av ulike typar, og frå klinikkane til OD og billettinntekter for musea som til saman utgjer 10 prosent.

Mesteparten av inntektene går til fordeling på fakulteta, institutta og sentra og LOS (UIO sentralt)

UiO kostar bortfall av billettinntekter

Det som Universitetsstyret står fritt til å fordela er ein samla sum på 116,5 millionar kroner. Og av den potten stikk finansieringa av utgifter knytte til bygginga av nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy av med den høgaste summen. Universitetsdirektør Arne Benjaminsen innstiller på at Universitetsstyret går inn for ei løvying på 63,6 millionar kroner til det prosjektet i 2022.

Den saka var også oppe under hovudprioriteringar under Universitetsstyrets møte i mai. Då gjekk det fram at store delar av desse pengane vil gå med til kompensasjon for bortfall av billettinntekter for Kulturhistorisk museum. Det vert vist til at Kulturhistorisk museum hadde 700 000 besøkjande i 2019, og 570 000 av dei besøkte Vikingskipshuset. I løpet av eitt år utgjer turistane 80 prosent av alle dei besøkjande. Som ein konsekvens av koronatiltaka, blei det eit stort tap i publikumsinntekter i 2020, og truleg vil ikkje resultatet bli mykje betre i 2021, står det i styrenotatet.

UiO dekkjer samla utgifter på 300 millionar til og med 2026

Løyvinga over statsbudsjettet til nytt vikingtidsmuseum skal finansiera bygget, sikring og flytting av tre vikingskip, tre sledar og ei vogn, i tillegg til utstyr som blir brukt til utstillingar.

Men det store bortfallet av billettinntekter og kostnader knytte til etablering av basisutstillingar vert ikkje dekte av løyvinga over statsbudsjettet. Det er grunnen til at UiO sjølv må dekkja desse utgiftene, som fram til 2026 samla vil utgjera nesten 300 millionar kroner. Den første biten av denne summen, vil altså gå ut frå budsjettet i 2022, og vera på til saman 63,6 millionar, altså godt over halvparten av den potten som Universitetsstyret står fritt til å disponera slik det vil.

Den opphavlege planen var at utstillingane skulle finansierast av billettinntektene. Sidan dei har falle bort, må UiO altså kosta utstillingane med pengar frå grunnløyvinga frå Kunnskapsdepartementet.

Til saman vil utstillingane kosta UiO 77 millionar kroner frå og med 2022 til og med 2026.

Ber om styrking av forskingssatsingar

Universitetsdirektøren ber også Universitetsstyret om å stemma for forslaget om å styrkja forskingssatsingane knytte til Demokrati/Norden frå 2023 og Energi/kli

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt