AddToAny

Viken og Vestland tapar på ny fordeling av regionale forskningsmidlar

Regjeringa foreslår å endre fordelingsnøkkelen til regionale forskingsfond. Viken, Vestland og Oslo får mindre enn før.
I dag er det sju regionale forskingsfond (RFF) i Noreg, og i kvart av fonda har minst to fylkeskommunar samarbeidd om bruken av midlane. Men frå nyttår vil kvart fylke få sitt eige regionale forskingsfond, og midlane vil bli fordelte på elleve fylkeskommunar.

Jenny Følling (Sp), som er fylkesordførar i Sogn og Fjordane og avtroppande styreleiar for RFF Vestlandet, er blant dei som har reagert på det nye forslaget til fordeling av midlane.

- Dei fylka som Stortinget har vedteke å slå saman, blir straffa i den nye fordelingsnøkkelen. Når potten skal fordelast på fylka, vil dei som slår seg saman med andre, få mindre enn før, har Følling uttalt til Forskerforum.

Sp har etterlyst tabell

I eit skriftleg spørsmål til Stortinget har stortingsrepresentant Heidi Greni (Sp) bede kommunal- og moderniseringsministeren om ein tabell som blant anna samanliknar kva den gamle fordelingsnøkkelen ville ha gjeve alle fylka med ny fylkesstruktur, og korleis fordelinga blir med ny fylkesstruktur og ny fordelingsnøkkel.

Heidi Greni (Sp) har etterlyst ei samanlikning av gamal og ny fordelingsnøkkel for regionale forskingsfond. Foto: Ragne B. Lysaker/Senterpartiet

Slik det er i dag, blir 5 prosent av midlane sett av til fondsregion Nord-Noreg, medan 95 prosent blir fordelte til fondsregionene. 50 prosent av midlane blir fordelte etter talet på fylke i fondsregionen, og 50 prosent etter folketalet i desse fylka. Men i det nye forslaget til fordeling skal 60 prosent av midlane bli fordelte likt mellom kvart nytt fylke, og 40 prosent skal fordelast etter folketalet. Dette medfører ei omfordeling mellom fylka, der samanslåtte fylke kan få mindre enn dei fekk tidlegare.

Viken tapar mest

I svaret, som kjem frå forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø, blir det blant anna vist til ein tabell som samanliknar den gamle fordelingsnøkkelen som gjeld ut året 2019 og den nye fordelingsnøkkelen som er foreslått frå 1. januar 2020.

Det fylket som vil tape mest, er Viken. Den nye fylkeskommunen vil få 2,5 millionar mindre med den nye fordelinga. Oslo vil få 663 000 mindre, medan Vestland tapar 505 000 kroner.

Til grunn for tabellen ligg Statistisk sentralbyrå sin statistikk for folketalet i 2019 og ei samla løyving til regionale forskingsfond for 2020 på 189,1 millionar kroner.

Tabell over gamal (50-50) og ny (60-40) fordelingsnøkkel:

Fylke Fordeling 50-50 Fordeling 60-40 Differanse ny og gamal fordeling

Agder 13 313 13 917 604

Innlandet 14 690 15 019 329

Møre og Romsdal 12 641 13 379 738

Nordland 16 998 17 810 813

Oslo 19 649 18 986 - 663

Rogaland 16 186 16 215 29

Troms og Finnmark 16 992 17 806 814

Trøndelag 15 990 16 059 69

Vestfold og Telemark 15 322 15 524 202

Vestland 18 860 18 355 -505

Viken 28 478 26 049 -2 429

Det såkalla nordtillegget, det vil seie 5 prosent av den totale løyvinga som går til Nordland fylke og Troms og Finnmark fylke, er rekna inn i fordelinga. Dette utgjer i overkant av 4,7 millionar til kvar av dei to nord-norske fylkeskommunane.

Andre midlar slår annleis ut

Statsråd Nybø gjer i svaret sitt merksam på at andre fordelingar av forskingsmidlar slår annleis ut for fylka, og at desse midlane må sjåast i samanheng med fordelinga til regionale forskingsfond.

Blant anna kjem midlar frå Noregs forskingsråd i stor grad forskingsmiljøa i Oslo, Viken og Vestland til gode, skriv Nybø.

Image-text:

Lakseprodusenten Salmar er blant dei mange som har fått støtte frå regionale forskingsfond. Illustrasjonsfoto: Salmar

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

- Vi får en kompetent statsråd som kjenner sektoren veldig godt, og som er klar til å sette i gang fra dag én. Og så er det gøy med en forsker som forskningsminister.
Forskerforum 26.02.2024
Instituttbestyreren var en trivelig kar i de gode gamle dager. En som støttet medarbeiderne når det trengtes, og fordelte det som var av midler, rettferdig og klokt. Som en trygg far i huset.
Forskerforum 26.02.2024
• er landets største og ledende fag- og interesseorganisasjon for ansatte i forskning, høyere utdanning og kunnskapsformidling.
Forskerforum 26.02.2024
Kor langt inn på norsk side strekk grensehandelen med Sverige seg? Butikkdata frå NorgesGruppen gjev nokre svar.
Forskerforum 26.02.2024
Forskerforbundet har over 280 store og små lokallag, og et av de mindre finner vi i administrasjonen på Stortinget. Der har Forskerforbundet manglet en egen tariffavtale. Men nå er avtalen i boks.
Forskerforum 26.02.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt