I fjor blei det klart at Universitetet i Oslo ville koma til å leggja ned randsoneselskapet sitt Unirand AS i løpet av 2018. Konsekvensen blir at dotterselskapa Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk stress, Nordisk institutt for odontologiske materialer AS (NIOM) og Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU) må leggjast under ein annan organisasjon.
I førre veke diskuterte generalforsamlinga i NIOM og NUBU eit forslag om å leggja dei under forskingsselskapet Norce, som er knytt til Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Agder. Framlegget skal til endeleg handsaming i generalforsamlinga til Unirand AS måndag 19. november.
- Vil vera ein del av universitets- og høgskulesektoren
Embetsverket i Helse- og omsorgsdepartementet har føreslått at NKVTS skal leggjast under Folkehelseinstituttet. Det er ei løysing både dei tilsette, leiinga og styret er imot.
- Me vil gjerne halda fram med å vera ein del av universitetets- og høgskulesektoren, understrekar direktør Inger Elise Birkeland. - Om me blir med i Norce, kan me halda fram som den samla eininga me fungerer som i dag, og me kan halda fram med den spissa, viktige forskinga me held på med om vald og traumatisk stress, seier Inger Elise Birkeland.
Frankrike opnar liknande senter