AddToAny

- USA har fått den partipressa Norden kvitta seg med på 1980-talet

- USA har fått den partipressa Norden kvitta seg med på 1980-talet
- I USA har pressa stadig blitt meir politisk medan media i Norden har overtatt objektivitetsprinsippet som tidlegare var ei rettesnor for amerikanske media.
Det sa førsteamanuensis Bente Kalsnes frå Høyskolen Kristiania i ein debatt i regi av UiO: Norden.

I går kveld inviterte UiO:Norden til den første fysiske UiO:Norden-samtalen i Litteraturhuset i Oslo. Temaet var Norden i amerikansk politikk: Draum eller mareritt? Eit femtitals personar kom for å høyra på økonomprofessor Kalle Moene frå UiO, Vårin Alme, kommentator i AmerikanskPolitikk, førsteamanuensis i kommunikasjon, Bente Kalsnes frå Høyskolen Krisitania og statsvitar og postdoktor Hilmar Mjelde frå Universitetet i Bergen. Heile debattmøtet blei sparka i gang av UiO:Norden-forskar Haldor Byrkjeflot med ein kronikk der han nettopp stiller spørsmål om korleis Norden ser ut frå USA. Dei to sistnemnde var med digitalt, medan alle dei andre var fysisk på plass i Litteraturhuset. UiO:Norden-direktør Tore Rem var debattleiar.

Brukte Norden på 1970-talet som skremmebilete

Haldor Byrkjeflot arbeider til dagleg i forskargruppa Sivilsamfunn i Norden. I innleiinga si peika han på korleis venstresida i Det demokratiske partiet med senator Bernie Sanders og kongressrepresentant Alexandria Ocasio-Cortez i brodden har gått ut og omfamna det som dei kallar for demokratisk sosialisme.

- Det fekk Det kvite huset i 2018 til å be om at det blei laga ein rapport om Norden som skulle visa korleis Norden på 1970-talet kan samanliknast med dagens Venezuela, Mao-Kina og Sovjetunionen. Slik kunne Det kvite huset stempla Sanders' modell som Norden frå 1970-talet, sa Haldor Byrkjeflot.

- Ein polarisert diskusjon

Samtidig drog Haldor Byrkjeflot også ei linje frå Donald Trumps slagord «America first» til Hilary Clinton og Barack Obama som heile tida brukte uttrykket «We are on the right side of history» og til tidlegare statsminister Gro Harlem Brundt

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt