- Eg blei overraska då eg las i Khrono at Dag Rune Olsen hadde søkt rektorjobben på NTNU, seier dekan ved Det matematisk-naturfaglege fakultet ved Universitetet i Bergen, Helge Dahle.
- Samstundes forstår eg godt at Dag Rune (Olsen red.mrk) ser framover og at stillinga ved NTNU er attraktiv, og at han derfor valde å søke rektorjobben, legg han til.
Det ville vore naturleg og ryddig at uavhengige juristar foretok ei juridisk vurdering av situasjonen fram til rektortilsettinga ved NTNU er klar. Helge Dahle Dekan, Universitetet i Bergen
Den sittande rektoren ved UiB lanserte sitt kandidatur ved NTNUvia Khrono same dag som søknadsfristen gjekk ut. Olsen hadde då framleis to år igjen av sin periode som vald rektor og styreleiar ved Universitetet i Bergen.
Dekanane ikkje informerte
Dei sju dekanane ved Universitetet i Bergen, som også er ein del av rektor Olsen si leiargruppe, var ikkje informerte om søknaden på førehand. Olsen sin jobbsøknad stod heller ikkje på dagsorden på styremøtet ved UiB 31.oktober, men styret tok eige initiativ og diskuterte saka bak lukka dører.
Etter det Khrono kjenner til handla det meste av styrediskusjonen om habilitet. NTNU og Universitetet i Bergen er det som i andre samanhengar ville blitt kalla «konkurrerande verksemder». Vanlegvis trekker toppleiarar seg på dagen dersom det blir kjent at dei er aktuelle for ny leiarjobb hos konkurrenten.
- Eg hadde ønskt meg at styret ved UiB forfulgte saka meir og bestilte ei ekstern vurdering av situasjonen. Det ville vore naturleg og ryddig at uavhengige juristar foretok ei juridisk vurdering av situasjonen fram til rektortilsettinga ved NTNU er klar, seier dekan Dahle, som saman med dei seks andre dekanane ved Universitetet i Bergen sendte ein epost til rektor Olsen der dei uttrykte si overrasking og ba Olsen gjere greie for konsekvensane søknaden har for UiB framover.
Trur ikkje på «lame duck»
- Men kva viss han ikkje får jobben ved NTNU? Det