Slik rundar fem studentar ved Kunsthøgskulen i Oslo (KHiO) av ein kraftsalve mot leiinga i eit debattinnlegg i Morgenbladet søndag.
Dei kommenterer ei opa brevveksling som har gått føre seg mellom stipendiatar, studentar og rektor Måns Anders Wrange i sommar (der delar er publisert i magasinet Subjekt). Dei kritiserer det dei opplever som eit nytt «regime» leiinga har planar om å innføre ved høgskulen denne hausten.
«Vi vil ha kunnskap, ikke ideologi. Kvalitet, ikke politikk. Perspektiver, takhøyde og redelighet, ikke indoktrinering», skriv dei og meiner identitetspolitikk er i ferd med å true den akademiske fridomen ved høgskulen.
- Det virkar som at dei skal installere ein i deira auge «riktig» tankegang, seier ein av studentane til Khrono.
Meiner kunstverk er rasistisk
Det er eit kunstverk av Vanessa Beecroft som heng i eit fellesareal på KHiO som starta den opne brevvekslinga. 12 stipendiatar skreiv i slutten av juni eit brev til leiinga der dei plukkar opp kritikken rundt verket, som fleire har opplevd både rasistisk og sexistisk.
Dei 12 oppmodar høgskulen til å opprette eit offentleg forum «for å diskutere eventuelle temaer som dukker opp rundt spørsmål om rasisme, sexisme, forskjeller, inkludering, maktmisbruk, og alle de ismene vi står overfor i akademiet og vårt sosialkulturelle politiske samfunn».
I sitt svar til stipendiatane, skriv rektor Wrange at han finn verket problematisk og ønskjer å flytte det, men først etter ein open debatt om kvifor.
Får også kritikk for å gjere for lite
Nokre dagar seinare, i starten av juli, blir eit nytt ope brev sendt til leiinga. Seks studentar med eit opprop med rundt 130 signaturar, går hardt ut mot høgskule-leiinga for ikkje å agere i lys av Black Lives Matter-rørsla og