AddToAny

Universitetsstyret er einige om hovudretninga i Strategi 2030

Skal klimakrisa vera ein premiss i verksemda til UiO? Det var punktet det var mest debatt om då universitetsstyret diskuterte Strategi 2030 for opne dører i går.
Det var i førre veke Uniforum kunna melda at diskusjonen om Strategi 2030 skulle gå føre seg bak stengde dører i seminardelen i møtet i universitetsstyret.

Tidlegare styremedlem, biologiprofessor Kristian Gundersen tykte det var rart i ei så prinsipielt viktig sak. Styrerepresentant Olav Gjelsvik sa at han ville ta saka opp i universitetsstyret.

Då saka kom opp rett etter møtestart i universitetsstyret i går blei det liten dramatikk. For etter ein kort diskusjon blei heile universitetsstyret einige om å halda diskusjonen om Strategi 2030 for opne dører. Nokre få røyster frykta at medlemane ville leggja band på seg, når dei skulle snakka for open mikrofon, men då ordskiftet hadde begynt, såg det ut som om den frykta ikkje var særleg stor.

Medan høyringsinnspela til Strategi 2030 sprikte i alle retningar når det gjaldt kva plass livsvitskap skal ha i Strategi 2030, var medlemane i universitetsstyret samstemte i at det er viktig å satsa på livsvitskap etter at regjeringa har fylgd opp med naudsynte løyvingar til bygginga av Noregs største universitetsbygning i Gaustadbekkdalen.

- De skal få hjelp av oss

Ekstern representant Idar Kreutzer minna styrefellane sine om det,då han tok ordet.

- På nokre område må universitetsleiinga ta tak. Det går ikkje an både å satsa og ikkje å satsa på livsvitskap. De skal få hjelp av oss til å foreina dei to synspunkta, understreka han.

Alle dei elleve styremedlemane var einige i at det er viktig at Strategi 2030 er kort.

- Det er viktig at den er kort og forpliktande, meinte ekstern representant Anne-Marie Engel.

- Og så er det viktig at den har retning, sa ekstern representant Kristin Hollung.

- Kan klarast opp

For Olav Gjelsvik, som er representant for dei faste, vitskaplege tilsette, var usemja om plassen til livsvitskap i Strategi 2030 noko som det ville vera lett å retta opp.

- Eg trur ikkje det er så motsetningsfylt som det ser ut som. Eg trur ikkje det er så stor motstand mot å forska på livsvitskap. Mange reagerer på at livsvitskap er den einaste av U

Les mer

Flere saker fra Uniforum

I dag overtar Henrik Asheim (H) etter Iselin Nybø (V) som minister for forsking og høgare utdanning. Litt før klokka halv tolv kom han saman med dei andre i trepartiregjeringa til Erna Solberg ut på Slottsplassen.
Uniforum 24.01.2020
Det er mange dyktige og erfarne forskere ved fakultetet, som kan gjøre en utmerket jobb som dekan. Jeg håper at flere av disse vil stille slik at vi får en debatt om veien videre, skriver professor Finn-Eirik Johansen.
Uniforum 24.01.2020
Høyres Henrik Asheim blir ny forsknings- og høyere utdanningsminister, melder NRK.
Uniforum 23.01.2020
Regjeringa har enno ikkje bestemt seg for om den skal fylgja tilrådinga frå konsulentselskapet Capgemini invent om å overføra eigedomane til dei sjølvforvaltande universiteta til Statsbygg.
Uniforum 23.01.2020
Er det fritt fram for å si nei om man blir foreslått som kandidat til universitetsstyret? Jan Fridthjof Bernt og Kunnskapsdepartementet er uenige.
Uniforum 23.01.2020

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten golferenno gravplassen gullur handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalen journalisten juristkontakt kampanje khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse psykologiskno religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sno-ski sykepleien synkron tannhelsesekreteren teknisk-ukeblad Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt