AddToAny

Universitetsstyret avgjer om val av rektor og prorektor skal haldast på ope møte

I morgon blir Svein Stølen og Åse Gornitzka truleg valde som rektor og prorektor ved UiO for dei komande fire åra. Det skjer på ope eller lukka møte i Universitetsstyret.
Rektorkandidat Svein Stølen og prorektorkandidaten hans Åse Gornitzka fekk ingen utfordrarar i det planlagde rektorvalet på UiO denne våren. Dermed skal dei veljast av Universitetsstyret med simpelt fleirtal. Det formelle rektorvalet skjer på møtet i Universitetsstyret tysdag 9. mars, går det fram av sakspapira til Universitetsstyret.

Om det skal skje for opne eller stengde dører, er det Universitetsstyret som avgjer før saka kjem opp til handsaming. Det opplyser universitetsdirektør Arne Benjaminsen til Uniforum.

- I denne saka er det ingen regel som seier at dette skal skje på eit lukka møte. For det er opp til Universitetsstyret å stemma for eller imot ei handsaming i eit lukka møte. Akkurat den røystinga skal skje utan at møtet er ope, seier han.

- Om styret ikkje lukkar møtet, vil diskusjonen og kommentarane i Universitetsstyret gå føre seg i eit ope møte på zoom før avrøystinga. Svein Stølen og Åse Gornitzka kan òg fylgja diskusjonen, sjølv om dei ikkje deltek i sjølve møtet, presiserer han.

Vel annan møteleiar enn rektor

- Men kven skal leia den delen av møtet, det kan jo ikkje vera rektor Svein Stølen?

- Nei, det stemmer. Den vanlege prosedyren blir då at styret vel ein av dei faste styremedlemane som møteleiar under den saka.

- Og korleis vil sjølve røystinga gå føre seg i Universitetsstyret?

- Det vil skje på vanleg måte, altså med handsopprekning, fortel Arne Benjaminsen.

Han meiner at handsaminga av denne saka er viktig.

- Eg opplever det som viktig at me har ei behandlingsform for valet som gir eit nytt team ein god start, seier han.

Universitetsstyret bestemmer

Professor emeritus Jan Fridthjof Bernt ved Universitetet i Bergen er ekspert på forvaltningsrett. Han slår fast at det er Universitetsstyret sjølv som må bestemma om saka skal handsamast bak stengde eller opne dører.

Så vidt jeg kan se, er det bare én bestemmelse om dette i valgreglementet, der det står i § 18, nr. 8: «Dersom det bare er fremmet ett forslag på rektor- og prorektorkandidat, anses disse som valgt dersom mer enn halvparten av universitetsstyrets medlemmer stemmer for dette. Dersom slikt f

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt