Med flagg på taket av museumsbygningen, 650 skuleelevar, tre ministrar, ein ordførar, ein rektor, ein musuemsdirektør og mange, mange bergensarar vart Universitetsmuseet i Bergen sine Naturhistoriske samlingar gjenopna måndag føremiddag, etter at museet har vore stengt for publikum i nesten seks år.
- I dag skal me gjenopna dørene til ei mystisk verd, sa Dag Rune Olsen, rektor ved Universitetet i Bergen, til dei mange frammøtte.
- Me skal gjenopna Universitetsmuseet sine kunnskapsdører.
Me er her fordi Erna Solberg er her. Med det statsbudsjettet ho og regjeringa la fram, vil me ikkje nå klimamåla. Sara van der Moer Talskvinne ved museet
Statsminister Erna Solberg mimra om korleis ho brukte regnfulle barndomssøndagar på museum i heimbyen Bergen. Og som mange andre har statsministeren fått med seg videoen om dyra som ikkje får koma attende.
- Det var dei rare me snakka mest om. Og no skjønar eg at me skal få eit mellombels gjensyn med dei.
Iselin Nybø, forskings-og høgare utdanningsminister, var den som fekk nøkkelen til det nye museet. Saman med statsministeren og inviterte elevar var Nybø den første som fekk koma inn i det nye museet.
Aksjonerte
Men i folkemengda utanfor museet var det òg demonstrantar. Aksjonistane i Extinction rebellion hadde med seg plakatar og banner.
- Me er her fordi Erna Solberg er her. Med det statsbudsjettet ho og regjeringa la fram, vil me ikkje nå klimamåla, seier talskvinne Sara van der Moer.
Ho understrekar at aksjonistane ikkje ønskjer å øydelegga for museet.
- Dei gjer eit viktig arbeid.