Oppdraget om å kartleggja situasjonen fekk dei av UiO og Universitetets senter for informasjonsteknologi (USIT) og UiO i januar 2021. I dette prosjektet samarbeider dei tett med LINK, Avdeling for kommunikasjon og Studieadministrativ avdeling.
- Store manglar på innhald og system
- Det var tydeleg at noko måtte gjerast når det gjaldt universell utforming av læremiddel på UiO. Derfor etablerte me den første delen av prosjektet for universell utforming som skulle gå fram til september 2021, fortel Ida Meland som fekk i oppgåve å vera prosjektleiar. USIT-veteran Tomm Eriksen som er leiar for Gruppe for brukaropplevingar, blei prosjekteigar.
- Me såg på nokre utvalde læringstenester. Då oppdaga me at det var store manglar når det handla om kravet om universell utforming. Det var ikkje minst på innhald og system, seier Tomm Eriksen.
Etter at koronapandemien kom til Noreg og UiO blei stengt for fysiske førelesingar frå og med 12. mars 2020, skjedde det ein eksplosjon i ta