AddToAny

UiOs 2023-budsjett og Kierulf-forslag kjem opp i Universitetsstyret

Fordelinga av eit samla budsjett på 6,189 milliardar kroner og drøfting av Kierulf-utvalets forslag for å gi betre rom for den akademiske ytringsfridomen er mellom sakene som kjem opp i Universitetsstyret i morgon klokka 10.00.
Tysdag 21. juni skal Universitetsstyret samlast for siste gong før sommarferien. Tradisjonen tru er det stipulerte eller det antatte budsjettet for 2023, som blir hovudsaka på møtet. Då får Universitetsstyret ei skisse på bordet over korleis universitetsdirektør Arne Benjaminsen og staben hans ser føre seg kor mykje pengar UiO vil få tildelt frå Kunnskapsdepartementet på grunnlag av tidlegare tildelingar og den sannsynlege lønns- og prisauken for 2023.

42 millionar til nye prioriteringar

U niversitetsdirektøren skriv i budsjettkommentaren at UiOs handlingsrom no er under press. «Risikoen for redusert bevilgning i årene framover anses større enn mulighetene for økt bevilgning. UiO har over flere år tapt terreng i den nasjonale kampen om ressursene til UH-sektoren» Av den samla potten på 6,189 milliardar kroner som UiO reknar med institusjonen vil få som løyving frå Kunnskapsdepartementet, har Universitetsstyret allereie vedtatt prioriteringar til institusjonelle tiltak som når opp til åtte prosent av løyvinga frå KD. Det vil seia ein samla sum på 465 millionar kroner. Dermed blir det berre igjen ein pott på 42 millionar kroner til nye prioriteringar for 2023. Desse går til satsingane Demokrati med 13 millionar og med sju millionar overført frå UiO-Norden frå tidlegare, får prosjektet til saman 20 millionar kroner, til Energi og miljø med 7 millionar no, og med ei tidlegare løvying på 13 millionar, får prosjektet til saman 20 millionar kroner. Det nasjonale prosjektet for sakshandsaming og arkiv er føreslått ei tildeling på 12 millionar kroner. Føresetnaden er sjølvsagt at Universitetsstyret stemmer for forslaget til vedtak.

I tillegg er det lagt inn eit rammekutt på 0,5 prosent for alle einingane som ein konsekvens av det som er igjen av den utskjelte ABE-reforma som regjeringa til Erna Solberg innførte i byrjinga av perioden den sat med makta. UiO har også lagt inn ein sannsynleg lønns- og prisvekst på 3,4 prosent i sine utrekningar. Det samsvarar med Statistisk sentralbyrå sin prognose for 2023.

UiO-leiinga går

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt