Gruppa har arbeidd sidan i april i år, etter at universitetsstyret i februar slutta seg til eit framlegg om å oppnemna ei arbeidsgruppe som skulle sjå nærare på merittering av utdanningsfagleg kompetanse.
Ynskjer fem meritterte første året
I rapporten argumenterer dei for at "grunnmuren til en langsiktig og fundert satsing på undervisningsmerittering bygges gjennom økt verdisetting av undervisningskvalifikasjoner i ordinære meritteringsordninger knyttet til tilsetting, opprykk, medarbeidersamtaler og lønnsforhandlinger." Dei peikar derfor på at ei eiga ordning for merittering, slik som mange andre universitet har, kan sjåast på som ei tilleggsordning eller ei spissordning.
Når det gjeld framlegget om ei søknadsbasert tilleggsordning ynskjer universitetssleiinga å gjennomføra ein prøveperiode på tre år frå 2019 til 2021 med opptak av eit avgrensa tal, til dømes fem meritterte undervisarar i året, går det fram av saksdokumenta.
Fire tema i hovudtil