AddToAny

UiO skal vera leiande i Norden på humaniora

UiO skal vera leiande i Norden på humaniora
For første gong i historia har UiO no fått ein eigen humaniorastrategi. - Målet er at UiO skal vera leiande på humaniora både i Noreg og i Norden og bidra til å løysa dei viktigaste samfunnsutfordringane, seier HF-dekan Frode Helland.
Det var i fjor universitetsstyret vedtok den aller første humaniorastrategien for UiO. Arbeidet er utarbeidd av ei gruppe leia av HF-dekan Frode Helland med representantar frå dei fem fakulteta; Det juridiske, Det samfunnsvitskaplege, Det utdanningsvitskaplege, Det teologiske og Det humanistiske fakultetet. I tillegg har også Kulturhistorisk museum vore med i gruppa.

- Det er viktig å vera klar over at humaniora spenner over fag på heile universitetet. Også på medisin har dei fag som medisinsk etikk og på Mat.nat. har dei forskingsetikk. Og samtidig står Det humanistiske fakultetet bak det einaste fellesfaget for alle studentar på UiO, nemleg exphil. understrekar han.

- Humaniora er viktig for UiO og for samfunnet

Frode Helland peikar også på at dette er aller første gong det er laga ein eigen strategi for humaniora på UiO.

- Dette er eit forsøk på å bevisstgjera alle om humaniora. Alle hovudstrategiar seier noko om kvar me står i dag. Og humaniora er viktig for UiO og for samfunnet. Humaniora er del av slik at universitetets bidrag ei danning av det 21. hundreåret, der kontekstforståing og kritisk tenking er viktig, seier Frode Helland.

- Ein utruleg viktig premissleverandør

Han viser til at strategien er ei direkte oppfylging av regjeringa si humanioramelding frå 2017 og Forskingsrådets evaluering av humaniora i Noreg, der UiO gjorde det usedvanleg bra. Frode Helland synest også humaniora får den plassen den fortener i samfunnsdebatten.

- Ja, det synest eg i og for seg. Men det finst mange mytar om humaniora, så det kan vera at me har eit slags omdømmeproblem. Humaniora er ein utruleg viktig premissleverandør for skuleverk, media, kultursektoren, departement. Det er ingen som lenger snakkar slik dei gjorde på 1980- og 1990-talet om humaniora si legitimeringskrise. Det er ikkje det som er utfordringa i dag, slår han fast.

- Svært viktige for enkeltmenneska

Rektor Svein Stølen

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt