Fylgjer dei tett
I fjor enda talet på 17,6 millionar kroner i meirforbruk. Odontologi har brukt om lag like mykje pengar ekstra. I 2017 var meirforbruket på 19 millionar kroner, i 2018 på 10 millionar, medan prognosen seier at odonologi vil koma til å bruka 25 millionar som fakultetet ikkje har i 2019. I grunnlagspapira går det fram at universitetsdirektøren spesielt peikar på at økonomien til LOS og odontologi gir grunn til uro. Derfor skal økonomien til dei to einingane fylgjast tett.
For sentraladministrasjonen (LOS) er det universitetsdirektør Arne Benjaminsen som også er øvste adminstrative ansvarlege, samtidig som han som universitetsdirektør ber sentraladministrasjonen om å spara på pengeforbruket. Det er derfor Arne Benjaminsen Uniforum må spørja om grunnane til meirforbruket i den avdelinga som han også er øvste leiar for. - Årsakene til meirforbruket i LOS er samansette. Det skuldast både IHR- prosessen (Internt handlingsrom/red.merknad) som frigjorde 50 millionar kroner frå sentraladministrasjonen til fakulteta frå 2012, ABE-reforma og rammekutt. I tillegg er det investert i digitaliseringstiltak som aukar felles systemkostnader og nokre sentraliserte tjenester som juridiske tenester som kjem heile UiO til gode, seier universitetsdirektør Arne Benjaminsen i ein epost til Uniforum.
Har innført restriktiv tilsettingspolitikk
Han kjem også inn på kva tiltak som no er sett i