Førstkomande tysdag 21. juni skal Universitetsstyret handsama antatt budsjett for 2023. Universitetsdirektør Arne Benjaminsen har rekna ut at UiO vil få ei løyving på 6,189 milliardar kroner frå Kunnskapsdepartementet i statsbudsjettet for neste år.
"UiO har over flere år tapt terreng"
I budsjettkommentaren sin skriv universitetsdirektøren at UiOs handlingsrom no er under press. «Risikoen for redusert bevilgning i årene framover anses større enn mulighetene for økt bevilgning. UiO har over flere år tapt terreng i den nasjonale kampen om ressursene til UH-sektoren», står det.
Han peikar også på den nasjonale og internasjonale konkurransen om eksterne midlar. Der trekkjer han fram Forskingsrådets alvorlege økonomiske situasjon. Han varslar at Forskingsrådets moglege tiltak vil få store fylgjer for heile sektoren. Arne Benjaminsen legg vekt på at det ikkje berre vil gå utover forskinga, men også setja press på andre aktivitetar på UiO.
Allereie gjort bindande vedtak for 465 millionar
Av den samla potten på 6,189 milliarda