Den 31. januar 2025 må UiO ut av lokala som Det odontologiske fakultetet i dag disponerer vederlagsfritt i Lovisenberggata 6. Det var beskjeden som Statsbygg gav til Eigedomsavdelinga ved UiO i desember 2020. Grunnen var at Statsbygg ynskte å rehabilitera lokala til Folkehelseinstituttet som held til i mesteparten av denne bygningen. Det går fram av sakspapira til møtet i Universitetsstyret i dag, onsdag 11. mai. Tomtekrangelen kjem fram l teksten som omtalar status for bygg og eigedomar ved UiO.
Tannlegeundervisningens fond gav frå seg tomteareal
Det er Det odontologiske fakultetets Klinisk forskingslaboratorium (KFL) og Avdeling for biomaterialar (Biomat) som i dag brukar 672 kvadratmeter av 1. etasje i Lovisenberggata 6. Medan KFL er eit servicelaboratorium for alle forskarar og fagavdelingar driv Biomat mellom anna med dyrking av kunstig humant hardvev som bein og tenner. Dei to avdelingane har halde til i lokala sidan byrjinga på 1990-talet. Då blei Det odontologiske fakultetet bede om å gi tomtegrunn bak Geit