AddToAny

UiO må dekkja nesten heile inntektstapet til musea og OD

UiO må dekkja nesten heile inntektstapet til musea og OD
Odontologi og dei to universitetsmusea vil truleg få eit samla inntektstap på 66,4 millionar kroner i 2020. 13 millionar må dei betala sjølve, medan UiO legg ut resten av pengane.
Førstkomande tysdag legg Universitetsstyret aller sist hand på UiO-budsjettet for 2021. Då blir styremedlemane bedne om å ta stilling til eit forslag som vil hjelpa både odontologi, Kulturhistorisk museum og Naturhistorisk museum ut av ein prekær økonomisk situasjon. Begge stadene har dei tapt store inntekter i 2020, for musea sin del i hovudsak på grunn av manglande billettinntekter som ein konsekvens av koronatiltaka, medan odontologi sleit med eit underskot også før koronapandemien tok til. Då klinikkane blei gjort om til koronaklinikkar, fall også inntektene deira frå vanlege pasientar bort.

48,4 millionar i tap

Verst ute er Kulturhistorisk museum som truleg vil få eit inntektstap på 48,4 millionar kroner i år. Odontologi ligg an til å få eit inntektstap på 13,5 millionar kroner, medan Naturhistorisk museum vil mista inntekter på 4,5 millionar kroner i 2020. Det samla tapet for dei tre UiO-einingane kjem dermed truleg til å koma opp i 66,4 millionar kroner.

Inga naudhjelp frå staten

UiO har bede Helsedirektoratet om tilleggsløyving til odontologi, men svaret UiO har fått, er at dei ikkje er rette instans, og derfor har Helsedirektoratet sendt søknaden vidare til Kunnskapsdepartementet. Der har dei heller ikkje fått nokon lovnad om ekstra løyvingar, men det blir peika på at avgjerda om kven som skal få ekstra løyvingar på grunn av konsekvensane av virusutbrotet, skal «håndteres i arbeidet med tiltakspakker og i statsbudsjettprosessen for øvrig.».

Sparer 100 millionar

UiO har rekna ut at etter årets lønnsoppgjer vil alle einingane på UiO ha spart rundt 50 millionar kroner, så sant lønns- og prisutviklinga endar på 1,8 prosent, slik Statistisk sentralbyrås prognose går ut på. Avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma (ABE-reforma) blir auka med 0,5 prosent i 2021. Samla vil det gi eit kutt på 29,5 millionar kroner, noko som UiO hadde rekna med. Fordi Statens pensjonskasse har redusert arbeidsgjevaren sin del av pensjonssatsen med 2,4 prosent i sektoren, har UiO rekna ut at dei vil spara 100 millionar kroner i 2021. Men dei

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt