Uniforum
21.08.2019
UiO-koret Kvindelige Studenters Sangforening tok gull i den uofisielle europameisterskapen for kor i Göteborg for ti dagar sidan. Tysdag ettermiddag blei koret gjort krus på av rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo.
Det vanka både marsipankake og musserande dropar på koristane i Kvindelige Studenters Sangforening då Universitetet i Oslo ved rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo skulle visa at Universitetet i Oslo set stor pris på at koret tok gullmedaljen i European Choir Games i Göteborg den andre helga i august. Koret vann både eliteklassen Interkulturs Grand Prix of Nations, for både vaksenkor og folkemusikk à capella. Dermed forsvarte koret og dirigent Marit Bodsberg EM-tittelen det tok i Magdeburg i 2015, førre gong meisterskapen blei skipa til.
Les mer- Har fått ein plass på UiO
Korpresident Anna Julia Granberg er glad for den store merksemda koret har fått frå Universitetet i Oslo.
- Det er stor stas for oss at UiO viser at dei set pris på oss. No føler me at me verkeleg har fått