Uniforum
01.12.2022
UiO meiner forslaget om studieavgifter for studentar frå land utanfor EØS og Sveits ikkje bør innførast. Det går fram av utkastet til ei høyringsfråsegn som blir lagt fram i Universitetsstyret på tysdag.
I går blei det klart at regjeringa står fast på å innføra studieavgifter for studentar som kjem frå land utanfor EØS-området og Sveits. Budsjettpartnaren SV har lykkast med å få regjeringa med på å auka studielånet til studentane med over 9000 kroner i året, men har ikkje klart å få regjeringspartia Ap og Sp på andre tankar når det gjeld forslaget om å innføra studieavgift for studentar utanfor EØS og Sveits, skriv Universitas. Alle institusjonar og andre interesserte er bedne om å koma med høyringsinnspel innan 7.desember. Det vil seia dagen etter møtet i Universitetsstyret ved Universitetet i Oslo.
Les merVil øydeleggja samarbeidet med det globale sør
No ligg det eit utkast klart som universitetsdirektøren ber Universitetsstyret om å diskutera og gi rektor fullmakt til å gjera ferdig basert på det som kjem fram på møtet i Universitetsstyret tysdag 6. desember.
I den teksten som no ligg føre, argumenterer UiO om at forslaget frå regjeringa vil øydeleggja det internasjonale samarbeidet særleg med tanke på institusjonar i det glo