AddToAny

UiO-forskar viser korleis universiteta kan ta kontrollen over forskingspubliseringa

I dag er det dei store vitskapsforlaga som har universell kontroll med all vitskapleg publisering og tar seg godt betalt frå universiteta for monopolsituasjonen dei har.
UiO-postdoktor Pawel Borowicz føreslår ein ny modell som let universiteta ta tilbake makta over publiseringa frå eigne forskarar.

Dei store vitskaplege tidsskriftsforlaga Elsevier, Wiley, Springer og Taylor and Francis og Frontier har klart å samla nesten all verdas vitskapleg publisering av forskingsfunn i sine eigne tidsskrift. Det håvar dei inn store pengar på, samtidig som eigarane deira blir endå rikare. Dei som betalar er offentlege universitet betalte av skattebetalarane i dei landa der universiteta ligg.

Vitskapstidsskriftet Science er eit unntak, og blir derimot utgitt av ein amerikansk forskingsorganisasjon som ikkje er basert på profitt, American Association for the Advancement of Science (AAAS). Den baserer seg på medlemskap og tilknytingar med 262 akademi og vitskapsorganisasjonar.

Dei kommersielle forlaga får betalt tre gonger, først må universitetet betala lønna til forskaren.Så må forskaren betala for å få publisera i tidsskriftet. Til slutt må universitetet betala for å kunna abonnera på tidsskriftet der forskaren har betalt for å kunna publisera, medan universitetet har betalt lønna til forskaren og indirekte kostnadene forskaren har hatt for å kunna publisera i tidsskriftet.

Forskingsråda i Europa laga Plan S

Forskingsråda i EU og i EØS har fellesskap kome med ein annan modell enn den gamle. Plan S går ut på at alle vitskaplege artiklar må vera tilgjengelege for alle på nettet. Samtidig inngår dei avtalar med dei store tidsskriftsforlaga, men universiteta må framleis betala ein høg pris kvar gong ein av deira forskarar får publisert ein vitskapleg artikkel der.

Vil gi kontrollen tilbake til universiteta

Postdoktor Pawel Borowicz ved Institutt for basalmedisin, UiO meiner at dette no har gått altfor langt. I ein artikkel i det opne elektroniske bloggtidsskriftet PLOS/Blogs (Public Library of Science/Blogs) tar han til orde for å innføra eit heilt nytt system for vitskapleg publisering. Det vil lata universiteta sjølve få tilbake kontrollen over dei vitskaplege funna forskarane gjer. Der grunngjev han forslaget sitt med den store fortenesta dei store tidsskriftforlaga sit igjen med. På sin eigen blogg utdjupar han innhaldet i artikkelen endå grundigare. Etter utrekningar frå the International Association of Scientific, Technic

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt