AddToAny

UiO-forskar: - Hebron-observatørane har dempa spenninga mellom busetjarar og palestinarar

UiO-forskar: - Hebron-observatørane har dempa spenninga mellom busetjarar og palestinarar
- Alle er einige i at observatørkorpset i Hebron har dempa den generelle spenninga mellom busetjarane og palestinarane i Hebron. Det seier UiO-forskar Olav Gjertsen Ørum som har arbeidd som tolk for observatørkorpset som no er lagt ned.
I slutten av januar kunngjorde Israels statsminister Benjamin Netanyahu at landet ikkje lenger ville gå inn for å fornya mandatet til det internasjonale observatørkorpset i Hebron (TIPH). Dei over 20 åra det har eksistert, har det vore under norsk leiarskap med Tyrkia,Sverige, Danmark, Italia og Sveits med på laget. Første året var det 180 observatørar og då korpset blei lagt ned var talet på observatørar redusert til 64.

Massedrap bakgrunn for opprettinga

Observatørkorpset blei først oppretta etter at ekstremisten Baruch Goldstein massakrerte 29 palestinarar i moskeen ved Abrahams grav i Hebron 25. februar 1994. Då inngjekk Israel og palestinske sjølvstyremakter ein bilateral avtale om å få internasjonale observatørar i Hebron for å dempa spenninga mellom det palestinske fleirtalet og den vesle gruppa med busetjarar. Etter at observatørkorpset vakla litt i byrjinga. kom det inn som ein del av Osloavtalen i 1997. Då overtok også Noreg leiarskapen. Sidan den gongen har Israel og dei palestinske sjølvstyresmaktene fornya avtalen kvar sjette månad. Men den 28. januar i år sette statsminister Benjamin Netananyahu foten ned, og gav klar beskjed om at Israel ikkje lenger ville ha internasjonale observatørar i Hebron. Dermed måtte alle som deltok i observatørkorpset pakka saman og dra tilbake til heimlanda sine.

- Har ført til mindre spenning

Olav Gjertsen Ørum forskar på arabisk språkhistorie og kultur ved Universitetet i Oslo. Han snakkar både arabisk og hebraisk og i 2014-2015 arbeidde han i seks månader som tolk for observatørkorpset i Hebron.

- Det er synd at mandatet ikkje er blitt fornya. Eg er viss på at TIPH har ført til mindre spenning mellom busetjarane og det palestinske fleirtalet, seier Olav Gjertsen Ørum til Uniforum. Sjølv synest han det har vore både nyttig og interessant å delta i TIPH: - Fleire av oss som har gått på Midtaustenstudia på Universitetet i Oslo, har vore deltakarar. Slik blir me kjende med eit utruleg komplekst bilete av situasjonen i Hebron. Derfor er det ein veldig god jobb for alle som har den bakgrunnen, seier han.

- På patrulje tre gonger for dagen

Observatørkorpset hadde alltid faste rutinar.

- Ja, me var ute på patrulje tre gonger for dagen. Det var alltid ein politi saman med ein tolk som kjørte rundt i områda i dei kvite bilane til TIPH. Patruljen var alltid uvæpna og patruljerte rundt for å observera moglege brot på menneskerettane og brot på Hebron-avtalen. Alle meldingane blir samla op

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt