Mellom dei 23 søkjarane finst gamle travarar på UiO, som tidlegare økonomidirektør Marianne Mancini, avdelingsdirektør Ellen Johanne Caesar i UiOs avdeling for verksemds- og økonomistyring, fakultetsdirektør Tone Vold-Sarnes på Det teologiske fakultetet og noverande prosjektdirektør Johannes Falk Paulsen i Universitetsdirektørens stab. Assisterande eigedomsdirektør Brit Amundsen-Hoel har også søkt jobben.
Blant dei eksterne søkjarane finst direktøren ved Eidsvoll 1814, Bård Frydenlund. Han har både vore rådgjevar for tidlegare rektor Kaare R.Norum og leiar for Studentparlamentet. Ein annan ekstern søkjar er Rebekka Borsch, tidlegare statssekretær for Venstre i Kunnskapsdepartementet.
Skal koma med innspel til finansiering av UH-sektoren
Universitetsstyret skal også bli einige om ei høyringsfråsegn om innhaldet i rapporten frå ekspertutvalet som har sett på finansiering av universitet og høgskular. Utvalet var leia av Siri Hatlen, tidlegare OUS-direktør og noverande styreleiar for NMBU. Dette er dei fire hovudkonklusjonane i rapporten:
Utviklingsavtalar blir eit sentralt verkemiddel for å sikra mangfald i Universitets- og høgskulesektoren og gjennomføring av langtidsplanen for forsking og utdanning.
Forslag om å forenkla indikatorane i finansieringssystemet, berre studiepoeng- og doktorgradsutteljing blir igjen i systemet for resultatbasert utteljing. Når det gjeld finansieringskategoriar for studieplassar og studiepoengutteljing blir dei reduserte frå seks til mellom to og fire.