Målinga viser at nabouniversiteta i Oxford og Cambridge gjer det aller best på dette området i Europa, tett fylgde av University College London på tredjeplass. ETH Zürich (Erdgenössiche Technische Hochscule) er det beste ikkje-britiske universitetet, og tar fjerdeplassen.
Nummer 3 i Norden
Universitetet i Oslo er på nittandeplass i Europa, og i Norden må det sjå seg slått av Köbenhavns Universitet som kjem på ellevteplass og Helsingfors universitet på 17.plass i Europa. Det svenske universitetet som gjer det best på denne rangeringa er Lunds universitet som endar på 31. plass, ein plass over konkurrenten Uppsala universitet. Det nest beste danske universitet, Aarhus Universitet, slår likevel det beste svenske universitetet, og plasserer seg som nummer 23 i Europa.
Harvard University toppar
På verdsrangeringa kjem Universitetet i Oslo på 94.-plass, 20 plassar bak Københavns Universitet. Det tangerer dermed resultatet frå januarrangeringa til Webometrics. Verdsrangeringa blir ikkje heilt uventa