Uniforum
10.08.2020
Det er berre Københavns Universitet og Helsingfors universitet som er meir synleg på nett i Norden enn Universitetet i Oslo. Det viser den siste rankinga til forskingsbyrået Webometrics.
Også under koronapandemien klarer Universitetet i Oslo å markera seg i konkurransen om merksemd på nettet frå andre universitet. Det viser den siste rangeringa frå det spanske forskingsbyrået Webometrics.
Les merI årets julimåling er det berre Københavns Universitet og Helsingfors universitet i Norden som skårar høgare på å vera synlege på nett enn Universitetet i Oslo. Alle dei beste svenske universiteta som Uppsala universitet,, Lunds universitet og Karolinska Institutet hamnar lenger nede på lista. Det gjer også det nest beste danske universitetet Aarhus Universitet.
Nummer 14 i Europa og 83 i verda
Resultatet gir UiO også ein fjortandeplass på lista over Europas mest synlege universitet på nett, der Københavns Universitet tar tiandeplassen medan Helsingfors universitet snik seg rett før UiO og inn