Til saman har UiO rekna ut at det altså har hatt eit tap på 132,5 millionar kroner. Det går fram av eit brev universitetet sende til Kunnskapsdepartementet den 3. juni. Der bad universitetet om å få kompensasjon for dette inntektstapet.
Har tapt 20 millionar i pasientinntekter
Når det gjeld odontologi vert det vist til at koronastenginga av klinikkane vil gi 20 millionar mindre i inntekter i 2020. Før koronakrisa begynte hadde fakultetet rekna med samla inntekter frå klinikkane på 40 millionar kroner.
Universitetsdirektør Arne Benjaminsen og rektor Svein Stølen uttrykkjer i brevet stor uro over kva konsekvensane kan bli for profesjonsutdanning i odontologi når talet på både pasientar og inntekter går så kraftig ned. Dei viser også til at odontologi frå april i år har fått oppdraget