AddToAny

- Tradisjonell eksamen er ein uhaldbar, uetisk og uforsvarleg praksis

- Tradisjonell eksamen er ein uhaldbar, uetisk og uforsvarleg praksis
Professor Arild Raaheim meiner det ikkje er samsvar mellom vurderingsform og det studentane skal lære.
- Problemet er at vi i altfor stor grad nyttar den tradisjonelle eksamensforma i norsk høgare utdanning. Vi må begynne å sjå oss om etter andre alternativ, meiner Arild Raaheim, som er professor i universitetspedagogikk ved Universitetet i Bergen. Han er ein av foredragshaldarane under Nokut-konferansen, som er arrangert på torsdag. Der blir det sett søkjelys på eksamen og kva som hindrar nye vurderingsformer i høgare utadnning.

Raaheim har skrive fleire bøker om undervisning og alternative vurderingsformer.

- Dette er eit område som er forbunde med mykje tradisjonar og gamle haldningar, men som vi er nøydd til å gjere noko med. I ein del tilfelle er tradisjonell eksamen ein uhaldbar, uetisk og uforsvarleg pedagogisk praksis, seier han.

- Tradisjonell eksamen gjev berre rom for oppgulp av teori, seier Arild Raaheim. Foto: UiB

Manglande samsvar

Raaheim er oppteken av det han kallar «meiningsskapande samsvar», der vurdering, undervisning og læringsutbytte skal utgjere ein heilskap.

- Det er ofte manglande samsvar mellom beskriving av læringsutbytte (kva studentane skal kunne), undervisningsmetode og vurderingsform. Vi seier ofte at studentane skal lære å reflektere og tenke kritisk, men samtidig møter vi dei med einvegsførelesingar og ein gammaldags eksamen der studentane er under streng kontroll og ikkje får bruke bøker. I kor stor grad er dei då i stand til å vise evne til kritisk vurdering og refleksjon?

Mange er tafatte og usikre

UiB-professoren har i boka Eksamensrevolusjonen presentert mange alternativ til eksamen.

- Eg har hatt eit brennande engasjement for dette i 40 år. Dei 25 første åra jobba eg i motbakke, men det har endra seg dei siste 15 åra. Mange er likevel tafatte og usikre på kva dei kan gjere. Når eg spør kollegaer kvifor dei fortsatt held fast på eksamen, svarar dei at dei ikkje kjenner til alternativ og at det vil ta altfor lang tid med tanke på administrativt arbeid. Det var blant anna difor eg skreiv boka, for at dei ikkje skal få døy i synda. Dei skal få vite at det finst alternativ, seier Raaheim.

Han synest det er eit prisverdig initiativ av Nokut å arrangere konferanse om nye vurderingsformer.

- Det er ikkje Nokut som er største bremseklossen her, men fagmiljøa og regelverket i kvar enkelt institusjon, meiner Raaheim.

Største hinder er institusjonane

Universitets- og høgskuleloven opnar nemleg opp for større mangfald på vurderingsfeltet enn det institusjonane gjer.

- Snakkar eg med departementet og dei som kan regelverket, får eg høyre at det er institusjonane sitt eige regelverk som ofte er det største hinderet. Men også haldningane til kvar enkelt undervisar er eit problem. Frå si eiga utdanning er dei vane med at det skal vere ein eksamen, og mange har ei haldning om at vi treng eksamen fordi vi må kontrollere at studentane har tileeigna seg kunnskapen. Eg brukar å seie at vi i Noreg er besett av behovet for å kontrollere, seier Raaheim.

Les meir:

Image-text:

I Norge er det fortsatt vanleg med tradisjonell eksamen. - Dette står ofte i kontrast til undervisninga og det studentane skal lære, meiner professor. Foto: Hung Ngo

Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt