AddToAny

Ti år på oppdrag med å skaffa forfylgde forskarar vern i Noreg

Scholars at Risk Norway feira i går tiårsjubileet i Gamle festsal på Universitetet i Oslo.
I salen sat både Raha Sabet Sarvestany frå Iran og Bernardo Nthahiraja (biletet) frå Burundi, to av dei forfylgde forskarane som får vern på universitet i Noreg.

Både UiO-rektor Svein Stølen og rektor for Universitetet i Agder Sunniva Whittaker var mellom dei som deltok under markeringa av tiårsjubileet til Scholars at Risk Norway.

I talen sin trekte Svein Stølen fram hjerneforskaren og polarhelten Fridtjof Nansen som blei like kjent for å ha redda mange flyktningar frå døden etter Den første verdskrigen, og for å ha etablert Nansen-passet og ha tatt initiativet til Folkeforbundet. For dette arbeidet fekk han Nobels fredspris.

- Neste år er det 100-årsjubileum både for Nansen-passet og for fredsprisen han blei tildelt, peika rektor Svein Stølen på. Han viste til at Scholars at Risk og initiativtakaren Robert Quinn har fylgt opp dette arbeidet med å hjelpa forfylgde forskarar med å finna trygge tilfluktsstader i sikre land.

- Det arbeidet blei han heidra for ved å bli tildelt UiOs menneskerettspris i 2012, ein pris som var grunnlagt av ekteparet Leo og Lisl Eitinger som sjølve kom til Noreg ved hjelp av Nansenpasset på flukt frå nazi-Tyskland, sa Svein Stølen.

Han trekte også fram den vanskelege situasjonen i Afghanistan etter at Taliban kom tilbake til makta i august.

- Derfor har me bestemt at me vil gi to forfylgde afghanske akademikarar vern på UiO, fortalde han.

- Svært uroa

Også statssekretær Therese Eia Lerøen i Kunnskapsdepartementet kom med ei helsing til jubilanten.

- Det er stadig fleire åtak på akademikarar over heile verda. Me er svært uroa over det. Det er svært viktig at forskinga er fri, open og har høg kvalitet. Akademisk fridom er no på toppen av både den nasjonale og internasjonale agendaen. Og det blir tatt steg i riktig retning, meinte ho.

Hovudrolla under tiårsmarkeringa for Scholars at Risk Norway var det likevel dei forskarane som har fått vern i Noreg som spela. I ein eigen video fortalde dei korleis vernet frå Scholars at Risk Norway både hadde redda dei frå vidare forfylging og også gitt dei eit nytt liv som forskarar.

TI ÅR: Statssekretær Therese Eian Lerøen helsa jubilanten frå Kunnskapsdepartementet under markeringa av tiårsjubileet for Scholars at Risk i Gamle festsal på Universitetet i Oslo.

Menneskerettsaktivist i Iran

Ei av dei som deltok i videoen, var Raha Sabet Sarvestany frå Iran.

Før markeringa starta, hadde Uniforum ein samtale med henne.

- Eg var menneskerettsaktivist i Iran under regimet til tidlegare president Mahmoud Ahmadinejad, og det var ein frykteleg vanskeleg situasjon å vera i. Derfor blei eg arrestert og sat i fengsel i byen Shiraz. Der sat eg heilt åleine i ei fengselscelle i fire år. Eg var heldig for eg fekk inn bøker og skrivepapir, og kunne begynna å skriva ting for å driva sjølvstudium, fortel ho. Så bad eg mora mi om å senda meg bøker som var sett opp som referanse i dei første bøkene eg fekk. Medan eg var der begynte eg å skriva artiklar om bøkene eg hadde lese. Då eg kom ut av fengelet klarte eg å smugla ut det eg hadde skriva gjennom å skjula dei under kleda mine. Og til slutt kunne eg publisera det eg hadde sk

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt