Uniforum
04.03.2021
Teologidekan Aud Valborg Tønnessen vil gi frå seg delar av forskingsterminen sin til prodekanane sine. Men dei skal frikjøpast meir enn i dag. Forslaget kjem opp i fakultetsstyret i formiddag.
Teologidekan Aud Valborg Tønnessen lever opp til det kristne prinsippet om å dela goda med andre. No ynskjer ho å redusera den lange tida med forskingstermin ho vil ha opparbeidd seg etter to periodar som dekan og dela meir av den med prodekanane sine. Men det er truleg ikkje berre for å vera snill. For i grunngjevinga for å endra utteljinga vert det vist til at det kostar dyrt å henta inn undervisningskrefter, medan dekanen er ute i forskingstermin.
Les mer- Ikkje berekraftig over tid
Med det nye forslaget til utteljing, vil Det teologiske fakultetet spara inn pengar. Det legg ikkje dekan Aud Valbord Tønnessen skjul på:
- Me har hatt ei svært raus ordning, som me meiner ikkje er berekraftig over tid med tanke på behova som finst innanfor forsking og undervisning på TF. Slik det har vore, har dekanen både opptent forskingstermin på ordinært vis og fått eitt år i tillegg. For ein som sit i to periodar vil ein då ha opparbeidd seg rett til forskingstermin svarande til 3,3 årsverk. Det er