Den akademiske fridomen i Kina er blitt reversert dei siste åra Jostein Kobbeltvedt Dagleg leiar, Raftostiftelsen
Han meiner det ikkje blir gjort nok for å vise at den akademiske fridomen er reell i forskings- og utdanningssamarbeid med Kina.
- Leiarane på universitet og høgskular må vise at dei ikkje er redde for å ta opp sensitive spørsmål eller invitere folk som Kina ikkje ønskjer dei skal invitere. Dei bør vise at dei bryr seg om den akademiske fridomen i praksis. Det er ikkje nok å snakke om det. Vil ein invitere representantar for uigurane? Tør ein ta i Tibet? Eller kva med å arrangere eit seminar om Tiananmen-massakren? spør Kobbeltvedt.
Konfutse: - Veldig problematisk
Som Khrono har meldt er Universitetet i Bergen (UiB) i ferd med å fornye avtalen med Konfutse-instituttet, no med forslag om ein eigen paragraf om akademisk fridom. Samarbeidet mellom Konfutse-instituttet, UiB og Høgskulen på Vestlandet er blitt kritisert, mellom anna av Raftostiftelsen. Ifølgje kritikarane er dei verdsomsp