Namn: Gjertrud Svartveit Osmundsen
Yrke: Melk- og grisebonde, leiar i Sveio Bondelag
Sveio er den sørlegaste kommunen i Vestland fylke. Han ligg på ei halvøy som peiker nordover og grensar til Haugesund og Tysvær i Rogaland fylke. I januar skal det vera folkeavstemming om kommunen skal gå inn i Rogaland.
- Telemarksforsking har laga ein dårleg rapport, særleg på landbruk. Det sa eg til både forskarar og politikarar på følkemøtet nyleg, seier Osmundsen.
- Forskaren som har laga rapporten går ikkje inn i landbruket, i alle fall ikkje djupt nok. Dei har ikkje snakka med folk. Dei skulle snakka med tidlegare lokallagsleiar i Sveio, men han var oppteken med slåtten då dei ringte, og dei ringte aldri på nytt. Det er ikkje bra, og dei har ikkje snakka med landbrukskontoret heller. Forskarane har snakka med mange andre i kommuneadministrasjonen, men altså ikkje med landbruk. Eg lurer på om rapporten er noko verdt i heile teke. Forskarene har ikkje gått i djupna, og eg er ikkje nøgde med denne, legg ho til.
- Tøffare konkurranse
- Korleis vil landbruket merka ein overgang frå Vestl