* Les meir i Uniforum:
Rektor Svein Stølen gjer det klart at Universitetet i Oslo vil fylgja føringane frå regjeringa.
- Det vil ikkje skje noka oppmjuking før påske. For tida etter påske, vil det koma nye signal frå regjeringa 8. april. Det blir viktig for korleis me vil tenkja då. Me prøver å vera litt føre var, så viss det er mogleg med avgrensa tilgang til nokre bygningar, så ser me etter korleis det då kan gjerast. Det skal både vera faglege vurderingar og samordning på tvers av institusjonen, slår han fast overfor Uniforum. Stølen forstår at det kan vera vanskeleg for mange no.
- Arbeider for å få til felles retningslinjer
- Det avgrensa tilgjenget til universitetsbygningane kan vera kritisk for nokre forskingsprosjekt. Me vil starta med å sjå på situasjonen for Ph.D.-stipendiatane. Kan me gi dei ein noko avgrensa tilgang til laboratorium og kritisk infrastruktur? For nokre vil det vera nødvendig for å ha ein eksamen eller disputas. Me arbeider for å få til felles retningslinjer med andre institusjonar, fortel han.
UiO-rektoren lovar også at dei vil koma med ei ordning for kontraktar som snart går ut.
- Me vil no koma med klare retningslinjer for korleis me skal forlengja kontrakt