- Me har ikkje tatt noko endeleg avgjerd, men det er ingen tvil om at det vil vera vanskeleg å seia nei, svarar han i ein epost til Uniforum. Han tykkjer at dette kjem som eit nytt pålegg frå staten.
- Problemet er at dette vert opplevd som nok ei ressurskrevjande politisk og byråkratiserande øving som kjem samtidig som staten pålegg oss å effektivisera og kutta i administrasjonen. Det er ikkje spesielt samstemt. Eg er meir opptatt av å bruka ressursane på det me allereie gjer - og skal gjera - på klima og berekraft innan både kjerneverksemd og drift, fortel han.
- Uroa for to nye kategoriar
Det er først og fremst to av dei områda der det skal rapporterast om berekraft, som får UiO-rektoren til å bli uroleg.
- Eg er ikkje minst uroa for dei to nye kategoriane, der me skal rapportera på berekraft innan utdanning og forsking. For det første har eg inntrykk av at departementet tenkjer på berekraft først og fremst som klima, miljø og det globa