Uniforum
29.01.2020
Studentar ved norske universitet og høgskular er godt nøgde med kvaliteten på studieprogramma dei går på. Dei er minst nøgde med tilbakemeldingane og rettleiinga dei får frå førelesarane sine.
Det viser Studiebarometeret 2019 som Nokut (Nasjonal organ for kvalitet i utdanning) har laga på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.
Les merTil saman har 32 000 studentar svart på undersøkinga. Det gir ein svarprosent på 49. Over 1800 studieprogram er inkluderte frå nesten alle norske universitet og høgskular. Undersøkinga blei gjennomført hausten 2019. Stort set skil denne undersøkinga seg lite frå dei seks føregåande åra undersøkinga har vore gjennomført.
Mest tilfredse med praksisplassen
Dei fleste studentane som har vore i praksis er mest tilfreds med tinga på praksisplassen, medan dei ikkje er så tilfredse med den delen som instiusjonen har ansvaret for. Dei er også stort sett nøgde med måten praksisen blir tatt inn i undervisninga på.
Mange av studentane opplever at dei får god informasjon