På grunnlag av eit spørsmål frå FrPs Roy Steffensen til statsråd Ola Borten Moe den 14. oktober i fjor, opplyste Kunnskapsdepartementet at dei rundt 21 000 utanlandske studentane i Noreg kostar staten 3,5 milliardar kroner i året. I svaret sitt i 2021 presiserte Ola Borten Moe at regjeringa sin politikk er at høgare utdanning framleis skal vera gratis i Noreg.
Med den siste budsjettlekkasjen, tyder ting på at Ola Borten Moe no har vendt tilbake til det tidlegare standpunktet sitt frå 2017 om at utanlandske studentar bør betala studieavgift.
Planane for Livsvitskapsbygget og Vikingtidsmuseet står fast
Investeringane både i Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen og Vikingtidsmuseet på Bygdøy held fram som planlagt også i 2023. Det var universitetsdirektør Arne Benjaminsen heilt sikker på då han orienterte Universitetsstyret om den økonomiske situasjonen for UiO i møtet den 6. september. Då tok han først o