I arbeidet med å sy saman den nye organisasjonen må leiinga handtere til dels betydelege skilnader i lønn mellom tilsette på avdelingskontora i dei tre byane Trondheim, Oslo og Bergen.
Ein rapport frå Sikt, som Khrono har fått tilgang til, viser at Bergen generelt har lågast lønn, Oslo er i midten, medan Trondheim er på topp. Det er også systematiske skilnader mellom lønnsposane til menn og kvinner.
Sikt vart etablert gjennom samanslåing av NSD - Norsk senter for forskingsdata, Uninett og Unit (Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking). Alle er leverandørar av ulike former for data og infrastruktur til kunnskapssektoren.
Til saman har organisasjonen 370 tilsette fordelt på Trondheim, Bergen og Oslo.
118 000 i forskjell