Uniforum
11.03.2019
Professor Nils Chr. Stenseth kjørte drosje for ein halv million på UiOs rekning, avslørte VG sist helg. No refsar professoren UiO-administrasjonen for ikkje å ha åtvara han tidlegare mot å bruka taxikortet til Oslo taxi.
Det er i eit innlegg i Uniforum i dag professor Nils Chr. Stenseth brukar høvet til å gå til eit frontalåtak på hovudadministrasjonen til Universitetet i Oslo, før han konkluderer med at den er altfor stor og bør reduserast kraftig.Samtidig forsvarar han den utstrekte drosjebruken han har drive med til beste for UiO og vitskapen.
Les merBetalte drosjeutgifter for utanlandske forskarar med eige taxikort
Det var laurdag kveld VG publiserte ein artikkel som avslørte at Nils Chr. Stenseth hadde kjørt drosje for ein halv million kroner i løpet av dei siste tre åra.Sjølv vedgår Stenseth at rundt 100 000 kroner av desse pengane er private reiser mellom kontor og heim, som han skal betala tilbake.
Resten av pengane er drosjeutgifter mel