Veldig glad for tydeleg respons
Klaga blei sendt inn av Team G8+, Team R25, Team Nils Torp+, Team R og Team Magma, altså dei fem resterande teama som deltok i plan- og designkonkurransen. Klagarane utgjer ifølgje Aftenposten til saman 19 arkitektkontor. Men klaga nådde ikkje fram. «En eventuell tidsmessig fordel på bakgrunn av forutgående kjennskap til reguleringsplanen, vil [ ] uansett være utjevnet,» skriv KOFA i Kofa-sak 2018/158.
Gudmund Stokke, partnar og designsjef i Nordic Office of Architecture, er letta av avgjerda.
Eg må seia at eg er veldig glad for at det kjem ein så tydeleg respons frå KOFA. Det er fint å få klarheit i spelereglane for bransjen, og det er nå stadfesta gjennom vedtaket KOFA har gjort, seier Stokke.
Eg kjenner ei veldig stor personleg glede og tryggleik