AddToAny

Staten krev effektive museum: Norsk Folkemuseum har kutta seks stillingar

Staten krev effektive museum: Norsk Folkemuseum har kutta seks stillingar
- Dette svir meir for kvart år, og no går det på stillingane laus, seier museumsdirektør Olav Aaraas.
- Med dei kutta vi har fått no, ryk det i gjennomsnitt ein til halvanna stilling kvart år, seier Olav Aaraas, direktør ved Norsk Folkemuseum. Museet er i dag ei stifting som består av fleire ulike museum (sjå faktaboks), og har til saman 220 tilsette.

Etter at regjeringa i 2015 innførte ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform (ABE-reform) for alle statlege verksemder, er også museum med statstilskott frå Kulturdepartementet ramma av innsparingskrava.

Kvart år blir budsjetta reduserte, og for Norsk Folkemuseum sin del utgjer effektiviseringskutta omlag 2 prosent av driftsbudsjettet.

- Staten har mindre inntekter, og då kan vi ikkje vere sure og kjenne oss urettferdig behandla. Vi må møte dette på ein eller annan måte, og vi har starta med ei naturleg nedbemanning ved at vi ikkje har erstatta folk som har gått av, seier Aaraas.

Dei siste åra har museet redusert staben med seks stillingar som ei direkte følgje av effektiviseringsreforma.

- Kvar gong nokon sluttar tek vi ei vurdering på om vi skal tilsette nye. Og når folk er sjuke, blir dei ikkje erstatta.

Aaraas seier to arkeologar ved museet vart sagt opp for eit par år sidan på grunn av manglande finansiering. - Men vi har enno ikkje gått til oppseiing av tilsette på grunn av ABE-reforma, seier han.

Rammar alle stillingar

- Kven blir berørte av nedskjeringane? - Dette rammar alle stillingstypar i museet, både administrative og faglege. Det vi har jobba med, er å gjere museet mest mogleg attraktivt for publikum, og på den måten har vi auka eigeninntektene. Utan dette hadde vi mista endå fleire stillingar.

I følgje direktøren vil det snart gå av fleire museumsfolk for aldersgrensa enn nokon gong tidlegare.

- Ganske mange førstekonservatorar og dyktige fagfolk vil gå av, og ein ny generasjon tek over. Dette er bra, men om vi ikkje har økonomi til å erstatte alle, står vi i eit dilemma når vi skal bestemme kva for stillingar vi skal føre vidare, seier Aaraas.

Vilkårleg nedbemanning

Lokal tillitsvald for Forskerforbundet Linda Struksnes Moe seier konsekvensane av kutta er at dei tilsette får meir å gjere. - Problemet er at nedbemanninga skjer heilt vilkårleg ved naturleg avgang, og då har ikkje leiinga gjort eit bevisst val om kva for stillingar vi verkeleg treng. Om det er eit absolutt behov vil det bli tilsett nye folk i stillinga. Men over tid vil nedbemanninga føre til større arbeidspress for alle oss andre. Vi ser at mange tilsette blir pålagde stadig fleire store oppgåver, seier Moe.

Forventar effektivisering

Også dei mindre musea kjenner effektiviseringskutta på kroppen.

- Vi merkar det ved at statstilskottet ikkje er justert for lønns- og prisvekst, seier direktør Dag Rorgemoen ved Vest-Telemark museum. - Staten forventar at vi skal gjennomføre effektivisering, men det er ikkje alt ein kan effektivisere. Dette inneber at vi har knappare rammer for kvart år.

Vest-Telemark museum har totalt 17 årsverk, og 12 av desse er faste fagstillingar.

- Vi må kvart år rapportere til departementet om vi arbeider aktivt med ressursutnytting og effektivisering. Så vi bruker mykje krefter på å finne ei berekraftig drift og få mest mogleg ut av dei ressursane vi har. Rorgemoen seier museet har gjennomført ei større omorganisering for å frigjere ressursar til vedlikehaldsarbeid. - Vi har enno ikkje vore nøydde til å seie opp nokon, men vi har heller ingen nye stillingar.

- Har fått mindre å rutte med

Generalsekretær Liv Ramskjær i Museumsforbundet fortel at musea fram til 2013 stort sett fekk kompensert for auken i lønns- og prisveksten. - Men etter at staten begynte å kutte i prisomrekninga med ein halv prosent, er ikkje museumsbudsjetta lenger justerte for lønns- og prisvekt. Dermed er musea pressa til å bli meir effektive, forklarer ho.

Også Ramskjær har inntrykk av at det først no begynner å svi skikkelig for mange museum etter årlege kutt i budsjetta. - Museumsstatistikken for 2017 viser ein nedgang i statlege tilskott på 4,5 prosent frå året før. Så eg trur vi har kome til eit punkt der dette ikkje går lenger, og at musea må seie opp tilsette. Fram til no har dei prøvd å spare på andre måtar ved naturleg avgang. Men musea har heilt klart fått mindre å rutte med, og eg trur dette vil bli endå tydelegare i åra framover, seier Ramskjær.

Image-text:

Norsk Folkemuseum er eitt av musea som er ramma av årlege effektiviseringskutt. Her frå Setesdalstunet. Foto: Norsk Folkemuseum

- Vi må vere meir effektive, og sjå kva vi bruker tida på, seier Olav Aaraas. Foto: Norsk Folkemuseum

- Eg trur vi har kome til eit punkt der det ikkje går lenger, og at musea må seie opp tilsette, seier Liv Ramskjær. Foto: Johanne Landsverk

Extra-info:

Fakta

Stiftinga Norsk Folkemuseum

Omfatter Bogstad Gård, gardsdrifta ved Bygdø Kongsgård, Eidsvoll 1814, Ibsenmuseet, Norsk Folkemuseum og Norsk Maritimt Museum

Norsk etnologisk gransking og Norsk Farmasihistorisk Museum er også ein del av verksemda.

Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt