Alle blir bedt om å svare på ein del spørsmål rundt mobbing og seksuell trakassering på eigen arbeidsplass. Undersøkinga varer frå 20. til 31. mai.
Dekkar over 90 prosent
Undersøkinga er heilt anonym, og ingen vil få noko oppfølging basert på kva dei svarer. Men dei einskilde blir oppmoda til å varsle dersom ein opplever kritikkverdige hendingar.
- I denne undersøkinga er det lagt svært stor vekt på anonymiteten. Personvernet har førsteprioritet, fortel Dag Nordbø ved Universitetet i Agder, som er prosjektleiar for undersøkinga.
26 av 33 medlemmer i UHR er med, det er ein overveldande respons. Eg trur vi sit med over 90 prosent av dei tilsette i sektoren. Dag Nordbø Universitetet i Agder
Initiativet til ein felles kartlegging vart tatt av Kunsthøgskolen i Oslo, Universitetet i Oslo og Universitetet i Agder etter at styret i Universitets- og høgskulerådet (UHR) sa nei å gå inn for